Tilloøyane
Tilloøyane (russisk Острова Тилло; Ostrova Tillo) er ei gruppe av småøyar i Karahavet i Russland. Dei ligg like utanfor kysten av Tajmyrhalvøya i Sibir og er dekte av tundravegetasjon. Dei fleste øyane ligg berre 3–4 km frå kysten.
Den største øya i gruppa er Usatsjøya[treng kjelde], òg kalla Tilloøya[treng kjelde]. Ho er 7 km lang og nesten 2 km på det breiaste i aust. Det er ein innsjø på sørsida i vest, som berre er skild frå havet av ei smal landtunge. Øya ligg ved munningen av ei grunn bukt kalla Bukhta Voskresenskogo. Bukta grensar i vest til Poljarnikhalvøya.
Havet omkring Tilløyane er dekt av fast is om vinteren, som er lang og bitter. Sjølv om sommaren er det isflak i havet omkring, så dei er landfaste med kontinentet det meste av året.
Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tilloøyane vart utforska av den arktiske geologen og vitskapsmannen baron Eduard Toll under den russiske polekspedisjonen på skipet «Zarja» i 1900-1902. Ekspedisjonen var finansiert av Det russiske vitskapsakademiet og skulle utforske nordkysten av Russland.
Øygruppa er kalla opp etter Oleksij Tillo (fødd i Kiev i 1839), ein framståande ukrainsk geograf, kartograf og landmålar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naturreservat Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Baron Toll
- Aleksij Tillo