Blåskjel
Blåskjel | |
Blåskjel frå sida, frå undersida og ope med overskore lukkemuskell | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Muslingar Bivalvia |
Underklasse: | Pteriomorphia |
Orden: | Mytiloida |
Familie: | Mytilidae |
Slekt: | Mytilus |
Art: | Blåskjel M. edulis |
Vitskapleg namn | |
Mytilus edulis |
Blåskjel (latin Mytilus edulis) ein muslingart i blåskjelfamilien. Han finst i salt- og brakkvatn i Atlanterhavet og Austersjøen. I Middelhavet finn ein den nærskylde Mytilus galloprovincialis. Skalet er frå blått til brunsvart på utsida, ljoseblått og kvitt på innsida. Skalet er opp til ti cm langt. Skala blir haldne saman av ein lukkemuskel. Skjelet pustar med gjeller. Skjela legg 5-12 millionar egg. Desse utviklar seg til larvar som driv i sjøen ein månads tid før dei festar seg på fast underlag som stein og anna ved hjelp av byssustrådar. Skjela lever i koloniar eller klyngar. Dei trivst best i oksygenrikt vatn, til dømes i tidvassona. Dei har vaksen storleik etter eit til to år.
Blåskjel lever av plankton dei filtrerer ut av sjøvatnet. Blåskjel er byttedyr for sjøstjerner, kvalross og einskilde fugle- og fiskeslag.
Blåskjel blir nytta som menneskemat. Under oppblomstring av særskilde algar kan skjela bli giftige.
Dyrking
[endre | endre wikiteksten]Dyrking av blåskjel tok til i Frankrike på 1300-talet. I Noreg blir det dyrka blåskjel på sør- og vestlandet. Det var om lag 600 oppdrettsstader rundt om i landet i 2003. I 2002 blei det produsert 2 500 tonn blåskjel. Den totale marknaden i Europa er på om lag 100 000 tonn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Blåskjell» frå Wikipedia på bokmål, og «Miesmuscheln» frå Wikipedia på tysk den 15. april 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Blåskjelvarsling på Matportalen
- Bedre kunnskap om giftige blåskjell Arkivert 2005-11-25 ved Wayback Machine. på forskning.no
- (no) Blåskjel hos Artsdatabanken
- (en) Blåskjel – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Blåskjel i Encyclopedia of Life
- (en) Blåskjel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Blåskjel hos Dyntaxa
- (en) Blåskjel hos Fossilworks
- (en) Blåskjel hos ITIS
- (en) Blåskjel hos NCBI
- (en) Kategori:Mytilus edulis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Mytilus edulis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Mytilus edulis – detaljert informasjon på WikispeciesDenne biologiartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.