Eat a Peach
Eat a Peach Studioalbum av The Allman Brothers Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. februar 1972 | |
Innspelt | Konsertopptak: 12. til 13. mars, 27. juni 1971 Fillmore East (New York City) Studioopptak: September–desember 1971 Criteria Studios (Miami) | |
Sjanger | ||
Lengd | 69:24 | |
Selskap | Capricorn | |
Produsent | Tom Dowd | |
The Allman Brothers Band-kronologi | ||
---|---|---|
At Fillmore East (1971) |
Eat a Peach | Beginnings (1973)
|
Singlar frå Eat a Peach | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Eat a Peach er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut 12. februar 1972 i USA på Capricorn Records. Etter det store gjennombrotet deira med konsertalbumet At Fillmore East (1971), byrja The Allman Brothers Band å arbeide med det tredje albumet sitt. Mange i bandet sleit med heroinmisbruk og la seg inn til rehabilitering for å få bukt med problemet. Kort tid etter han forlet rehabiliteringa, omkom gruppeleiaren Duane Allman i ei motorsykkelulukke i heimbyen Macon i Georgia, så dette vart det siste albumet med gitaristen.
Eat a Peach var ei blanding av studioinnspelingar - både med og utan Duane Allman — og konsertopptak frå dei kjende konsertane deira ved Fillmore East i 1971. Albumet inneheld den halvtimes lange «Mountain Jam», som var lang nok til å ta opp to fulle sider på den originale doble vinylutgåva. Andre høgdepunkt er vokalisten Gregg Allman si framføring på broren sin favorittsong, «Melissa» i tillegg til Dickey Betts sin «Blue Sky», som vart mykje spelt på classic rock-radio.
Plateomslaget vart laga av W. David Powell og J.F. Holmes på Wonder Graphics, og syner bandnamnet på ein ferskenlastebil, i tillegg til eit stort veggmåleri av soppar og alvar.
Albumet kom ut som eit dobbeltalbum i februar 1972 og vart raskt ein suksess. Albumet klatra til fjerdeplassen på Billboard Top 200 Pop Albums-lista. Albumet selde seinare til platina og vart eit av dei bestseljande albuma i diskografien deira.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ain't Wastin' Time No More» | Gregg Allman | 3:40 |
2. | «Les Brers in A Minor» | Dickey Betts | 9:03 |
3. | «Melissa» | G. Allman | 3:54 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Mountain Jam» (live) |
| 19:37* |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «One Way Out» (live) |
| 4:58 |
2. | «Trouble No More» (live) | Muddy Waters | 3:43 |
3. | «Stand Back» |
| 3:24 |
4. | «Blue Sky» | Betts | 5:09 |
5. | «Little Martha» | D. Allman | 2:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Mountain Jam» (framhald; live) |
| 15:06* |
- Alle CD-utgåver av albumet inneheld heile «Mountain Jam» (med ei lengd på 33:38) som det fjerde sporet.
Luksusutgåva frå 2006
[endre | endre wikiteksten]Disk ein
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ain't Wastin' Time No More» | Gregg Allman | 3:40 |
2. | «Les Brers In A Minor» | Dickey Betts | 9:05 |
3. | «Melissa» | G. Allman | 3:56 |
4. | «Mountain Jam» (live) |
| 33:41 |
5. | «One Way Out» (live) |
| 4:58 |
6. | «Trouble No More» (live) | Muddy Waters | 3:44 |
7. | «Stand Back» |
| 3:26 |
8. | «Blue Sky» | Betts | 5:10 |
9. | «Little Martha» | D. Allman | 2:07 |
- Spor 4 og 6 spelte inn 12. og 13. mars 1971 i The Fillmore East i New York.
- Spor 5 spelt inn 27. juni 1971 i Fillmore East i New York.
Disk to
[endre | endre wikiteksten]Konsertopptak frå det siste Fillmore East-showet i New York den 27. juni 1971
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Statesboro Blues» | Blind Willie McTell | 4:25 |
2. | «Don't Keep Me Wonderin'» | G. Allman | 3:46 |
3. | «Done Somebody Wrong» |
| 3:38 |
4. | «One Way Out» |
| 5:08 |
5. | «In Memory of Elizabeth Reed» | Betts | 12:50 |
6. | «Midnight Rider» |
| 3:08 |
7. | «Hot 'Lanta» |
| 5:51 |
8. | «Whipping Post» | G. Allman | 20:06 |
9. | «You Don't Love Me» | Willie Cobbs | 17:24 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]All info frå plateomslaget.[3]
|
|
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eat a Peach» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Review: Eat a Peach». AllMusic. Henta 9. september 2018.
- ↑ Christgau, Robert. «Consumer Guide: The Allman Brothers Band». Henta 9. september 2018.
- ↑ Eat a Peach (liner notes) . The Allman Brothers Band. US: Capricorn. 1972. CPN-2-0102.
- ↑ RPM (20. april 1972). «RPM Top Albums/CDs - Volume 17, No. 14, 20. april 1972» (PDF). RPM archives. (Ottawa: Library and Archives Canada). OCLC 352936026. Henta 9. september 2018.
- ↑ Paul 2014, s. 172.
- ↑ «American album salstrofé – Allman Brothers – Eat a Peach». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH