Musfuglfamilien
Musfuglfamilien | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Coliiformes | |
Familie: | Coliidae |
Musfuglar er ei lita gruppe fuglar som ikkje står nært andre grupper, men det kan vere dei står nærare papegøyar enn andre. Musfuglar har derfor fått status som ein orden Coliiformes. I tillegg er gruppa ein familie Coliidae. Distribusjonen er avgrensa til Afrika sør for Sahara, og Coliiformes er einaste ordenen som berre finst på dette kontinentet. I forhistorisk tid hadde dei større utbreiing i og vart tilsynelatande utvikla frå Europa.
Skildring
Dei er slanke, grålege eller brunlege fuglar med mjuke, hårliknande kroppsfjør. Musfuglar har vanlegvis rundt 10 centimeter kroppslengd, med ein lang og tynn hale på ytterlegare 20-24 centimeter. Vekta kan vere 45-55 gram. Dei beitar i skog og søkjer gjennom lauvverk som gnagarar på jakt etter bær, frukt og knoppar. Denne vanen saman utsjånaden på beina, gjev namn på gruppa. Dei er akrobatiske, og kan hengje opp ned når dei et. Alle artar har sterke klør og reversible ytre tær. Dei har også fjørtopp og kraftig nebb.
Musfuglar er sosiale og lever i flokkar på om lag tjue i terreng med tynnvaksen skog.
Desse fuglane byggjer koppforma reir i tre, reira er laga av kvistar med ei kantlinje av gras. Kvart kull er på 2-4 egg. Ungane er ganske utvikla ved klekking og forlèt reiret tidleg for å trene til flying.
Artar
Slekt Colius
- Brunmusfugl, Colius striatus
- Kvitkronemusfugl, Colius leucocephalus
- Raudryggmusfugl, Colius castanotus
- Kvitryggmusfugl, Colius colius
Slekt Urocolius
- Blånakkemusfugl, Urocolius macrourus
- Raudmaskemusfugl, Urocolius indicus
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mousebird frå Engelsk Wikipedia .
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider (publisert 22.5.2008).