Industrigata i Oslo
Industrigata (3–71, 20–60C) er ei gate i bydel Frogner i Oslo. Gata er oppkalla etter handverkarane som bygde eigne småhus i området ved Balkeby i 1850-årane og fekk namn i 1879.
Gata går frå Briskebyveien i krysset ved Løvenskioldsgate og endar i Fagerborggata. På vegen kryssar den blant anna Majorstuveien og ][Bogstadveien]].
Utvalde hus og bygningar
I nummer 3 ligg Briskeby brannstasjon som vart reist i 1963. Nummer 15, b, c og d er rekkehus i funkisstil oppført i 1931 og teikna av Nicolai Beer.
Nummer 21 er ein villa i nyklassisisme teikna av Nicolai Beer og brukt som eigen bustad. Han mottok Sundts premie for arbeidet i 1922.
I kryssa ved Majorstuveien ligg blokkbusetnaden Balkeby på høgre side når ein kjem frå Briskebyveien i retning Bogstadveien. Det er berre den eine blokka som har adresse til Industrigata; nummer 31 a-e.
Industrigata 40 er eit funkisbygg i 8 etasjar frå 1933 og teikna av Otto Valentin Juell og Otto Legaard Scheen. Bygget vart reist som hybelhus og ligg på hjørnet mot Bogstadveien.
Galleri
-
Industrigata 15 Foto: Mahlum
-
Industrigata 21 Foto: Kjetil Ree
Kjelder
- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Industrigata». Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 276. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Den gule lista til byantikvaren
- Industrigata i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Eksterne lenkjer
- «Oslo kommune – Bydelsoversikt (I)». Arkivert frå originalen 29. juli 2014.