Industrigata i Oslo
Industrigata i Oslo | |||
veg | |||
Briskeby brannstasjon ligg i Industrigata 3.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Distrikt | Bydel Frogner | ||
Industrigata i Oslo 59°55′34″N 10°43′13″E / 59.92611889°N 10.72033889°E | |||
Wikimedia Commons: Industrigata, Oslo |
Industrigata (3–71, 20–60C) er ei gate i bydel Frogner i Oslo. Gata har namn etter handverkarane som bygde eigne småhus i området ved Balkeby i 1850-åra og fekk namn i 1879.
Gata går frå Briskebyveien i krysset ved Løvenskioldsgate og endar i Fagerborggata. På vegen kryssar den blant anna Majorstuveien og Bogstadveien.
Utvalde hus og bygningar
[endre | endre wikiteksten]I nummer 3 ligg Briskeby brannstasjon som vart reist i 1963. Nummer 15, b, c og d er rekkehus i funkisstil oppført i 1931 og teikna av Nicolai Beer.
Nummer 21 er ein villa i nyklassisistisk stil teikna av Nicolai Beer og brukt som eigen bustad. Han mottok Sundts premie for arbeidet i 1922.
I krysset ved Majorstuveien ligg blokkbusetnaden Balkeby på høgre side når ein kjem frå Briskebyveien i retning Bogstadveien. Det er berre den eine blokka som har Industrigata som adresse; nummer 31 a-e.
Industrigata 40 er eit funkisbygg i 8 etasjar frå 1933 som vart teikna av Otto Valentin Juell og Otto Legaard Scheen. Bygget vart reist som hybelhus og ligg på hjørnet mot Bogstadveien.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Industrigata 15 Foto: Mahlum
-
Industrigata 21 Foto: Kjetil Ree
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Industrigata (Oslo)» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.
- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Industrigata». Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 276. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Den gule lista til byantikvaren
- Industrigata i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Oslo kommune – Bydelsoversikt (I)». Arkivert frå originalen 29. juli 2014.
- Litteratur
- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Industrigata». Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 276. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Ragnar Olsen (2017). Gatevandring Majorstuen. Bok 1 (2. utg.). s. 110–128. ISBN 978-82-999615-1-6.
- Joar Nyquist og P.D. Hofflund, red. (1955). Oslo gårdkalender: Nybygg 1925–1955. Fredhøi.