Hopp til innhald

Kent Olsson: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Migne (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Migne (diskusjon | bidrag)
Line 16: Line 16:
*''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Kent Olsson|Kent Olsson]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, den 29. juni 2023.''
*''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Kent Olsson|Kent Olsson]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, den 29. juni 2023.''
{{refslutt}}
{{refslutt}}

[[Kategori:Orienteringsløparar]]

Versjonen frå 29. juni 2023 kl. 10:07

Kent Olsson (fødd 1958) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar. Han vart verdsmeister i 1987, året etter han vann den aller fyrste verdscupen i orientering.

Olsson fyrste VM-medalje kom då Sveriges stafettlag i 1983 kom på bronseplassen i ungarske Zalaegerszeg. Fire år seinare, i franske Gérardmer, vann han gullmedaljen, 59 sekund framom norske Tore Sagvolden. I 1989 fekk Olson sølvmedalje både individuelt og i stafett. To nye sølvmedaljar sikra han seg under VM 1991 i dåverande Tsjekkoslovakia, då på klassisk-distanse og kort-distanse. Frå nordiske orienteringsmeisterskap fekk Olsson med seg to stafettsølv og ein individuell bronsemedalje.

Med 117 poeng gjekk Olsson i 1986 til topps i den fyrste utgåva av Verdscupen i orientering, 5 poeng føre Øyvin Thon. I 1984 vann Olsson femdagars-tevlinga O-Ringen.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

  • VM 1983: Nr 7 individuelt, bronse i stafett
  • VM 1987: Gullmedalje individuelt, bronse i stafett
  • VM 1989: Sølv individuelt og i stafett
  • VM 1991: Sølv i klassisk- og kort-distanse
  • VM 1993: Nr 4 i klassisk-distansen

Kjelder