Buss: Skilnad mellom versjonar
s robot fjerna: gd:Bus |
s r2.7.1) (robot la til: tum:Basi |
||
Line 49: | Line 49: | ||
[[ca:Autobús]] |
[[ca:Autobús]] |
||
[[cs:Autobus]] |
[[cs:Autobus]] |
||
[[tum:Basi]] |
|||
[[cy:Bws]] |
[[cy:Bws]] |
||
[[de:Omnibus]] |
[[de:Omnibus]] |
Versjonen frå 27. januar 2011 kl. 21:37
Ein buss er eit kjøretøy som er utforma for å frakte ei mengd passasjerar over ein distanse på veg eller gate. Ein sjåfør, somme tider saman med ein konduktør, utgjer mannskapet. Vanlege bussar fraktar med seg drivstoff eller annan energi til framdrifta. Termen buss er ei språkleg nydanning etter det latinske omnibus som tyder for alle.
Tidlig historie
Det første offentleg transport-systemet med buss var truleg i Paris, der Ludvig 16. i 1662 gav Blaise Pascal løyve til å driva kollektivtransport med hestar. Dei fyrste rutene starta den 18. mars same året.[1]
Nantes i Frankrike fekk kollektivtransport i 1826. Dette skjedde då Stanislas Baudry, ein tidlegare offiser som hadde bygd offentlege badebasseng, sette opp ei kort rute mellom sentrum og badebassenga. Bussen gjekk då frå Place du Commerce. Etter kvart fann Baudry ut at passasjerane var vel så interesserte i å gå av mellom dei to endestasjonane som å ta bussen heile vegen. Han skifta fokus og sette ruta opp med mellomstasjonar. Etter kvart frakta han òg post i tillegg til passasjerar. Bussen hans hadde trebenkar, og påstiginga var bak.
Det er også påstått at John Greenwood i 1824 var den første som kjørte ei bussrute, den gjekk frå Market Street i Manchester til Pendleton i Salford.[2] Seinare, i 1827, starta òg Walter Hancock ei bussrute mellom London og Epping.[1]
I 1828 reiste Baudry til Paris, kor han starta eit selskap med namnet Entreprise générale des omnibus de Paris. I mellomtida starta sonen hans, Edmond Baudry, to like selskap i Bordeaux og i Lyon.[3] Ei avis i London rapporterte den 4. juli 1829 om det nye kjøretøyet, kalla omnibus, som skulle kjøre frå Paddington stasjon til City. Dette busstilbodet blei starta av George Shillibeer.
I New York, starta omnibus-tilbodet same året, då Abraham Brower, ein entreprenør som hadde organisert fire selskap, oppretta ei rute langs Broadway som starta ved Bowling Green. Andre byar i USA følgde raskt etter: Philadelphia i 1831, Boston i 1835 og Baltimore i 1844. I dei fleste tilfella fekk bystyra eit privat selskap til å operera transporten langs bestemte ruter. For å gjere dette måtte selskapa oppretthalde tilbodet, slik at det til ein kvar tid var godt.
Ulike typar busstilbod
- Rutebussar tilbyr offentlig transport innanfor ein by eller eit område, vanligvis over korte distansar. Dei stoppar med mange busstopp, kanskje bare med 2-3 kilometers mellomrom. I mange nyare bussar har framre halvdelen av denne typen eit svært lågt golv, slik at rullestolbrukarar og personar med barnevogn enkelt kan kome på og av.
- Ekspressbussar tilbyr transport mellom byar eller tettstader som ligg lengre vekke frå einannan. Desse går vanligvis ikkje innom så mange busstopp som lokalbussane gjer, og kan dermed halde eit høgare tempo. Denne typen transport er viktig for mindre tettstader eller område med liten busetjing, då innbyggjarane ved hjelp av bussane lettare kan kome seg til større byar, og vidare derifrå. Setene er ofte høgt oppføre vegen, då det vanligvis er bagasjerom under.
- Bussar som går i skytteltrafikk tilbyr transport mellom to destinasjonar, til dømes busstasjonen i sentrum, og skulen som ligg utanfor. Denne typen blir ofte tilbode av skular, flyplassar, bedrifter og turist-destinasjonar.
- Turistbussar køyrer turistar til sjåverdige stader. Turistbussar i byar køyrer som regel bare rundt i byen, medan ein gaid fortel turistane kor dei skal sjå og kva dei ser når dei ser dit. På turar over lengre distansar er det vanlig at bussen stoppar der attraksjonane er.
- Skulebussar køyrer elevar, studentar og lærarar til skulen når den tar til, og vekk frå skulen når den sluttar. Skulebussar kan òg bli brukte til å køyre elevar til ulike arrangement. Enkelte skular har ikkje skulebussar, og stoler på at rutebussane fraktar elevane trygt fram.
- Charterbussar er bussar med sjåfør, som interesserte kan leige til turar.