Rabat (arabisk الرباط‎‎, romanisert ar-Ribāṭ ) er hovudstaden og den tredje mest folkerike byen i Marokko. Byen ligg på sørsida av utlaupet til elva Bou-Regreg i Atlanterhavet. På nordbreidda av elva ligg Salè, soveby til Rabat. Saman med Temara har byområda kring hovudstaden om lag 1,7 millionar ibuarar.

Rabat
الرباط‎
hovudstad
Foto: Adam Jones
Land  Marokko
Del av Imperial cities of Morocco
Areal 118 km²
Folketal 572 717 (2014)[1]
Kart
Rabat
34°01′31″N 6°50′10″W / 34.025277777778°N 6.8361111111111°W / 34.025277777778; -6.8361111111111
Wikimedia Commons: Rabat

Rabat er ein administrasjonsby og har få handledistrikt. Bykjernen består av gamlebyen, Oudayaene og Hassan. Rolla som hamneby er svekka, grunna tilslamming.

Byen er sentrum for fransk kultur i Marokko. Rabat har eit universitet frå 1954,eit stort teater i midtbyen, nokre få offentlege kunstgalleri og eit arkeologisk museum.

Rabat vart oppført på UNESCO si verdsarvliste i 2012.[2]

Klima

endre

Rabat har eit middelhavsklima. Sidan byen ligg ved Atlanterhavet har han eit mildt, temperert klima, med kjølige vinterdagar og varme dagar i sommarmånadene. Nettene er alltid kjølige, medan dagtemperaturen vanlegvis stig til 9–10 C°. Gjennomsnittstemperaturen på dagtid i desember-januar er 17, i juli-august 27. Nedbørsmengda er størst i desember med 94 mm, medan det i dei fire månadene juni-september er så å seie nedbørsfri.

Historie

endre

Eldste kjende busetnaden i området er Chellah, nemnt i det tredje hundreåret før Kristi fødsel. Romarar erobra Chellah i år 40 og danna Sala Colonia. Roma rådde over kolonien til 250, då dei overlet staden til lokale herskarar. Rabat vart grunnlagt som ein ribat (kloster eller festning) av almohadane på 1100-talet og var utbygt til eit stort fort. Fortet vart nytta som utgangspunkt for angrep mot dei kristne i Andalucía og rivalar i Maghreb. Han fekk seinare namnet ribat al-Fath,[3] som tyder 'sigersfestningen' og er grunnlaget for dagens namn.

Almohad-kalifen Yaqub al-Mansur flytta hovudstaden i riket sitt til Rabat. Han fekk bygt bymurar og ein kasbah.[4] I muren til festningsverket Kasbah Oudaya er det òg ein stor port som vart bygt på sistedelen av 1100-talet. Yaqub sette elles i gang arbeidet på det som hadde vorte verdas største moské, om bygginga hadde vorte fullført. Men bygningsarbeidet stoppa opp då han døydde. Ruinane og Hassan-tårnet (minareten) står igjen i dag.[5] Gamlebyen er framleis dominert av Kasbah Oudaya og det 44 meter høge Hassantårnet.

På 1200-talet mista Rabat mykje av si økonomiske makt, til fordel for Fez. I 1515 melde ein maurisk oppdagar at einast 100 husvære var bebudd. Rabat voks tidleg på 1600-talet, mykje takk vere morisk-innflyttarar som var utviste frå Spania.

Piratrepublikk

endre

Rabat og Salé danna i felleskap Bou Regreg-republikken i 1627. Republikken vart styrt av barbar-piratar som nytta dei to byane som base for sjørøveri til havs. Piratane låg ikkje i strid med noko sentralmakt før Alawit-dynastiet samla Marokko i 1666. Alawittane mislukkast med å få kontroll over sjørøvarane. Både europeiske og muslimske makter prøvde i årevis å ta kontroll over piratbyane, men Bou Regreg-republikken bestod heilt til 1818. Også etter republikken kollapsa, nytta piratar hamnebyen Rabat i verksemda si. Etter eit austerriksk skip hadde gått tapt i eit piratåtak i 1829, bomba Austerrike byen.

Fransk styre

endre

Frankrike invaderte Marokko i 1912 og etablerte eit protektorat. Franskmennene flytta hovudstaden i landet frå Fez til Rabat. Sultan Moulay Youssef fylgde opp det franske vedtaket, og flytta residensen sin til Rabat. Under det franske protektorat voks byen sterkt. Då Marokko oppnådde sjølvstende i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed V, at hovudstaden skulle verte verande i Rabat.

Etter 2. verdskrigen

endre

I tida etter verdskrigen etablerte USA seg militært i Rabat, det tok i bruk den tidlegare fransk flybasen. Tidleg i 1950-åra hyste flybasen to store avdelingar av USA Air Force (flyvåpen). Etter Marokko vart sjølvstendig i 1956, ynskte regjeringa at USA skulle trekke styrken ut av landet. Kravet om uttrekking vart forsterka etter invasjonen i Libanon 1958, og i desember 1959 lova USA å etterkome kravet. I 1963 var det US-amerikanske nærværet i Marokko over. Marokkos eige flyvåpen har sidan den gong hatt sin hovudflybase i Rabat.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Démographie - Province : Rabat (Urbain)». 
  2. Rabat, modern capital and historic city: a shared heritage UNESCO, henta 15.juli 2012
  3. RabatLarousse.fr, henta 15.juli 2012
  4. La Kasbah des Oudayas Arkivert 2011-09-14 ved Wayback Machine.Mairie de Rabat, (fransk), henta 15.juli 2012.
  5. Hassan Mosque and Tower Arkivert 2012-10-10 ved Wayback Machine.fundacion.telefonica.com, hentet 15.juli 2012

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rabat