Ellen Horn

norsk skodespelar og politikar

Ellen Horn (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.

Ellen Horn

Fødd1. februar 1951 (73 år)
Montreal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeskodespelar, politikar, dokkespelar
EktefelleJon Christensen
BarnKjersti Horn, Emilie Stoesen Christensen
Alle verv
  • Norsk kulturminister (2000–2001) Sjå dette på Wikidata

Ellen Horn voks opp på Tjøme. Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule.[1] Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005. Hovar styreleiar for Den Norske Opera frå 2007 til 2015.[2]

Regjering

endre

Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.

Privatliv

endre

Ho er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.

Nokre roller

endre

Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[3]

Kjelder

endre
  1. NRK nyheter 7. oktober 2009
  2. «Ellen Horn». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024. 
  3. Trøndelag Teater - heimeside