Montreal eller Montréal er den nest største byen i Canada, og den største i den canadiske provinsen Quebec. Opphavleg vart byen kalla Ville-Marie («Maria by»), men vart omdøypt til Montréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franske Mont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.

Montréal
by
Flagg
Våpenskjold
Motto: Concordia Salus – «Frelse av harmoni»
Kallenamn: City of Mary (Ville-Marie)
Land  Canada
Provins Quebec
Del av Greater Montreal, Urban agglomeration of Montreal
Areal 498 km²
Folketal 1 762 949 (2021)[1]
Grunnlagd 1642
Tidssone EST (UTC-5)
 - Sommartid EDT (UTC-4)
Postnummer H
Retningsnummer 514 og 438
Kart
Montreal
45°30′32″N 73°33′42″W / 45.508888888889°N 73.561666666667°W / 45.508888888889; -73.561666666667
Wikimedia Commons: Montreal

Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er det Toronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etter Paris. Ei folketeljing i 2021 talde 1 762 949 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet i Nord-Amerika[2] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.

Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstaden Québec og 150 km aust for Ottawa, hovudstaden i Canada.

Montreal arrangerte Verdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby for Sommar-OL 1976.

Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende er McGill University.

Folk frå Montreal

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Montreal