nn Denne brukaren har norsk som morsmål og skriv nynorsk.
nb-3 Denne brukeren behersker bokmål flytende.
en This user is a native speaker of English.


Eg er tjuge, kjem frå Bærum, og studerar biologi ved University of Edinbrugh, men med mykje matematikk og informatikk. Enno hev eg ikkje skrivi so mykje her på nynorsk wikipedia, men eg vonar å kunna gjera meir etter kvart. Eg skriv til vanleg høgnorsk, men eg ser ingen grunn til å gjera det her.

Det ser ut som året som kjem vert travelt, so det kann nog vera at dette (seinsumaren 2008) vert einaste periode med aktivitet for ei stund frametter.

Hovudinteressane mine er evolusjonsbiologi, spelteori, medvitsfilosofi, nevrofilosofi, nevrovitskap, samt botanikk, serleg bryologi og utviklinga til plantane.


Fyrebels arbeidsliste

endre

Det er mange raude lekkjor i artiklar um plantar, og eg aktar få bukt med so mange som mogleg av deim.

Hev no Norsk flora av Johannes Lid til studnad og kjelde, so no vert arbeidslista annleides. Eg skriv no um dei plantane eg finn og greider klassifisera (dei er jo plantar ein finn i Norig, og difor kannhenda av sers interesse for den ålmeine lesar.)

Eg skriv i hovudsak um plantar, og ser gjerne at so mange som mogleg vert med å skyrkja denne sida av nn.wiki (det er utruleg mange slag plantar der ute, jamvel berre i Norig). Informative kjeldor som ein kann lita på for norske plantar er millom anna

  • ArtsDatabasen (Hev millom anna kart yver kvar i Norig einskilde artar er funni.)
  • Norsk flora av Johannes Lid. (Denne er attåt på nynorsk, so umsetjing av tekniske umgrep er ikkje naudsynt.)

For plantar som ikkje finst i Norig kann ein t.d. sjå på heimesidone deira Royal Botanic Gardens, Kew, og Royal Botanic Gardens, Edinburgh, som båe er millom dei største botaniskr hagane i verdi.

81.191.46.181