Tanákh

Versjonen frå 21. februar 2014 kl. 11:51 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endring gjord av 85.200.213.22 (diskusjon) til siste versjonen av NjardarBot)

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Tanakh på bokrullar.

Ordet Tanákh

Alternative skrivemåtar og synonym

Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.

Ordet «Tanákh» er eit akronym

Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:

  • Torá [תּוֹרָה] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen)
  • Nebiím [נְבִיאִים] («Profetane»)
  • Ketubím [כְּתוּבִים] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)

Synonym

  • Mikrá (hebraisk מקרא)
  • Den hebraiske Bibelen
  • Den jødiske Bibelen

Liste over bøkene i Tanákh

Torá (Lova, Læra)

  1. Fyrste Mosebok
  2. Andre Mosebok
  3. Tredje Mosebok
  4. Fjerde Mosebok
  5. Femte Mosebok

Nebiím (Profetane)

  1. Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane)
    1. Josva
    2. Dommarane
    3. Samuelsbøkene (1-2)
    4. Kongebøkene (1-2)
  2. Nebiím aharoním (Dei seinare profetane)
    1. Jesaja
    2. Jeremia
    3. Esekiel
    4. Teré asár (Dei tolv (mindre profetane))
      1. Hosea
      2. Joel
      3. Amos
      4. Obadja
      5. Jona
      6. Mikha
      7. Nahum
      8. Habakkuk
      9. Sefanja
      10. Haggai
      11. Sakarja
      12. Malakhi

Ketubím (Skriftene)

  1. Salmane
  2. Salomos ordtøke
  3. Job
  4. Megillot (Skriftrullane)
    1. Høgsongen
    2. Rut
    3. Klagesongane
    4. Forkynnaren
    5. Ester
  5. Daniel
  6. Esra–Nehemja:
    1. Esra
    2. Nehemja
  7. Krønikebøkene (1-2)

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Tanákh