Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane

Personvernerklæring

Vi i Musea i Sogn og Fjordane er opptatt av å beskytte dine personopplysingar. Denne erklæringa forklarar korleis vi samlar inn, brukar og beskyttar informasjonen din når du besøkjer nettsidene våre eller er i kontakt med oss.

Opplysningar om eigar

Eigar av nettstadene er Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane.
E-post: post@misf.no. Organisasjonsnummer: 944 179 136. Vi er ansvarleg for handtering av personopplysningane du oppgir hjå oss. Administrerande direktør er på vegne av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. Vår databehandlar på nettstaden er Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

Kva informasjon vi samlar inn

Når du nyttar nettstaden vår, kan vi samle inn personopplysningar som:

  1. Namn og kontaktinformasjon dersom du fyller ut eit skjema eller melder deg på nyheitsbrev

  2. Statistisk informasjon om besøka dine på nettsida, som kva sider du besøker, og kva nettlesar du brukar. Denne informasjonen er anonymisert og er ikkje mogeleg å knyte direkte til deg.

Informasjonskapslar (cookies)

Nettstaden nyttar informasjonskapslar for å gjere bruken av nettsida enklare. Informasjonskapslane slettast automatisk når du lukkar nettlesaren, og dei kan ikkje brukast til å identifisere deg personleg.

Nyheitsbrev

Dersom du trykker ja til å mottak meir informasjon frå oss, til dømes abonnere på nyheitsbrevet vårt, samlar vi inn namn og e-postadresse for å kunne sende informasjon om utstillingar, arrangement og nyheiter på e-post eller i sosiale medier. Vi ber også om postnummer, for å sende deg mest mogeleg relevant informasjon nærast der du bur. Du kan når som helst velje å avslutte abonnementet ved å følgje lenkja for avmelding som ligg i e-posten. Då vil vi slette dine personopplysingar.

Når samlar tredjepartsaktørar inn opplysingar om deg?

Søkarar på jobb i musea. Når du søker på jobb hjå oss, handsamar vi dei opplysningane som søkarane sender inn, som namn, kontaktopplysningar, cv og andre vedlegg i søknaden. Vi mottek kun jobbsøknader via Jobb Norge for å ivareta personvernomsyn. Jobb Norge har vi ein databehandlaravtale med. Opplysningane om søkarane slettast automatisk etter 1 år.

Kjøp via nettsidene. Om du vil kjøpe billetter, museumspass eller årskort hjå oss, må du oppgje personopplysingar. Vi bruker betalingstenesta Netaxept for å gjennomføre kjøp via nettsidene våre. Når du gjennomfører kjøpet, får Musea i Sogn og Fjordane varsel om kven som har betalt. Personopplysingane vi hentar inn nyttast for å gjennomføre avtala med deg og for å oppfylle lovkrav i samband med transaksjonen, for statistikk over besøkande og for å betre brukaropplevinga.

Når det gjeld Netaxept ser vi kun dei fire siste transaksjonane av kortnummeret og har ingen påverknad på kor lenge dette vert lagre. Opplysingane slettast automatisk etter 5 år.

Nedlasting av bilete. Bi nyttar imageshop sin bildebank. Det er ikkje krav om registrering av personopplysningar for å laste ned våre bilete. Skal du ha dei tilsendt pr. e-post må du legge inn e-postadresse til mottakar. I desse tilfella er det imageshop si personvernerklæring som gjeld.

Dine rettar

Du har rett til innsyn, retting, sletting og flytting av dine personopplysningar etter gjeldande lovverk. Du kan kontakte oss direkte dersom du ønskjer å få innsyn i opplysningane dine eller få dei sletta ved å sende e-post til post@misf.no. Ved brot på regelverket har du rett til å klage til Datatilsynet.