Ein kjemisk reaksjon er når eitt eller fleire stoff blir til eitt eller fleire nye stoff. Kjenneteikn på at det har skjedd ein kjemisk reaksjon kan for eksempel vere at stoffet byter farge, at det blir laga ein gass, eller at det blir varmt.
Alle stoff er laga av atom. Atoma heng saman, fordi det er tiltrekkende krefter mellom dei, litt som magnetar som heng saman. Kreftene mellom atom blir kalla kjemiske bindingar. Når kjemiske bindingar blir brotne, og atoma blir sette saman på nye måtar, har det skjedd ein kjemisk reaksjon. Ofte har stoffa som blir laga i reaksjonen andre eigenskapar enn dei første stoffa.