Skip to main content Start of main content

Fedora Sugar på eit Stick-spinn

Sugar on a Stick er eit Fedora-basert operativsystem med den premierte Sugar-utdanningsplattforma, som er designa for å få plass på ein vanleg USB-minnepinne.

Sugar legg til side den tradisjonelle «kontordatametaforen» og presenterer eit barnevenleg grafisk miljø. Sugar lagrar automatisk framdrifta i ein «Journal» på minnepinnen, slik at lærarar og foreldre enkelt kan henta fram «alle samarbeidsøkter på nettet den siste veka» eller «oppgåver skrive saman med Vegard og Malin det siste døgnet» ved hjelp av ei enkel spørjing i staden for å måtta hugsa komplekse fil-/mappestrukturar. Applikasjonane i Sugar vert kalla aktivitetar, og nokre av dei er beskrivne nedanfor.

Elevane kan taka med seg Sugar on a Stick-minnepinnen sin til kva maskin som helst — på skulen, heime, på eit bibliotek eller eit samfunnshus — og starta opp det tilpassa datamiljøet sitt utan å berøra harddisken til vertsmaskina eller eksisterande system i det heile.

Utforska den store verda

Browse

Få tilgang til Internett med Browse-aktiviteten, bokmerk nettstadar for å utforska med venar og lagra sesjonar for å halda orden.

Henta bøker

Last ned elektroniske bøker frå heile nettet. Utforsk enkelt klassikarar og moderne bøker frå Internet Archive, Feedbooks, osb.

Read

Utforsk rapportar, dokument, bøker, og teikneseriar med Les-aktiviteten.

Chatt

Chat er eit enkelt grensesnitt for samarbeidsdiskusjonar mellom to enkeltpersonar eller mellom ei gruppe so stor som eit heilt klasserom.

Reflektera over kva du har lært

Journal

Journalen gjev eit grensesnitt til eit datalager med alt du har oppretta i Sugar. Bokmerke- og kommentarverktøy vert integrert med journalen, slik at foreldre og lærarar kan sjå gjennom læringsframgangen til barnet.

Portfolio

Mappa gjev høve til å laga periodiske augneblinksbilete i form av ljosbiletframvising av representative arbeid som viser kva eleven kan gjera.

Verta teknisk

Turtle Blocks

Lær deg programmeringsomgrep med blokker som kan klikkast saman. Lag kunst, animasjonar, og interaktive program i eit grafikkfokusert miljø.

Pippy

Programmer applikasjonar i eit enkelt miljø. Python-backenden gjev uavgrensa moglegheiter innanfor eit enkelt språk.

Multimedia

Jukebox

Jukebox er ein enkel mediespelar som kan brukast til å konsumera ulike typar ljod- og videofiler og dessutan dine eigne kreasjonar.

Paint

Paint gjev deg verktøya du treng for å laga kunstnariske kreasjonar. Bruk penslar, stemplar, formar, tekst, og bilete for å skapa vakre bilete.

Record

Record er ein grunnleggjande aktivitet for rik media-opptak. Med denne aktiviteten kan du taka opp stillbilete, video og/eller ljod.

Imageviewer

Eit enkelt og raskt biletvisingsverktøy for Sugar. Det har standardfunksjonar, som zoom og rotering.

Forstå og skapa innhald

Write

Lag ei historie, eit dikt, ein rapport, eller kva som helst med Write. Bruk formateringsverktøy for å leggja til bilete eller fargar, og jobb saman med venar.

Labyrinth

Paint gjev deg verktøya du treng for å laga kunstnariske kreasjonar. Bruk penslar, stemplar, formar, tekst, og bilete for å skapa vakre bilete.

Fysikk

Lag simuleringar frå røyndomen ved hjelp av former, motorar, tau og boltar for å utforska fysikken i verda.

FotoToon

Bruk bilete og tekst til å laga teikneseriar. FotoToon har mange alternativ for å leggja til rørsle, tale, og tankar i kreasjonane.

Prøv det no.

Last ned no