Doktorgrad (ph.d.)
Doktorgradsutdanning (ph.d.)
Doktorgradsutdanning (ph.d.)
KRYSSPUBLISERT - finn ph.d.-program
KRYSSPUBLISERT! Jobbmuligheter
Ein ph.d. er det høgaste nivået for formell utdanning i Noreg.
Ein doktorgrad frå NTNU kvalifiserer deg for leiande arbeid innan næringsliv, forvaltning, høgare utdanning og forsking.
Akademia blir ofte rekna som den vanlegaste karrierevegen for personar med doktorgrad, men ein stor del av doktorane våre går vidare til leiande jobbar innan privat næringsliv og offentleg sektor.
Opptak og finansiering
Opptak og finansiering
For å kunne få opptak til eit ph.d.-program må du ha finansiering og ein mastergrad med god karakter.
NTNU legg kontinuerleg ut ledige stipendiatstillingar. Det er også mogleg å ha andre finansieringskjelder enn NTNU.
Instituttstipendiatordninga
Rettleiar for samarbeid mellom SINTEF og NTNU
Studiets oppbygging
Ph.d.-utdanninga er ein ferdig strukturert grad som er normert til tre års fulltidsstudium. Nokre stipendiatstillingar inkluderer eit fjerde år med pliktarbeid, normalt i form av undervisning.
- Utdanninga består av ein opplæringsdel på minst 30 studiepoeng og eit sjølvstendig forskingsarbeid normert til 2,5 år.
- Ei ph.d.-utdanning krev stor grad av sjølvstende og gjennomføringsevne.
- Den avsluttande avhandlinga skal bidra til å utvikle ny fagleg kunnskap og ligge på internasjonalt nivå innan fagområdet.
- Doktorgradsutdanningen ved NTNU er internasjonalt retta.
- Det er venta at du deltek aktivt på internasjonale konferansar og publiserer i internasjonale tidsskrift.
- Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, anten i form av lengre forskingsopphald eller ved å ta delar avopplæringsdelen i utlandet.
Dr.philos.-graden
Det er mogleg å ta ein doktorgrad også utanom den strukturerte ph.d.-utdanninga. Denne graden heiter dr.philos. og er eit fullstendig sjølvstendig studium der ein først kjem formelt i kontakt med universitetet ved innlevering av avhandlinga.