Herodiashegre er ein stor fugleart i hegrefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Nord- og Sør-Amerika, og på spreidde øyar i Stillehavet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ardea herodias
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen er fuglen ca. 100 cm lang, hannfuglar veg rundt 2,7 kilo og hofuglane rundt 2,2 kilo.
Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat, mudder og mangroveskog. Herodiashegre lever av fisk og virvellause dyr (invertebratar).
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.
Herodiashegre lever vanlegvis i rundt 23 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.