yoghurt
Yoghurt med friske bær og kornblanding.
yoghurt
Av /ist.

Yoghurt er ein type tjuktflytande, syrna mjølk som vert brukt både i matlaging, som dessert og som utgangspunkt for sausar og dippar.

Faktaboks

Uttale

norsk uttale jågurt eller jogurt

Etymologi

tyrkiskgjæra mjølk’

Også kjend som

jogurt

Yoghurt stammar frå steppene i Asia og landa på Balkan. Yoghurt var opphavleg mjølk som vart sur under vandringa til nomadane.

I dag blir yoghurt framstilt av pasteurisert mjølk tilsett ein spesiell startkultur av mjølkesyrebakteriar. Han er tjuktflytande og lettfordøyeleg. I butikken får ein kjøpt yoghurt både naturell og med ulike tilsetningar, som til dømes frukt eller bær.

Les meir i Store norske leksikon