Veganisme er ein filosofi og eit livssyn basert på at ein i størst mogleg grad unngår å utnytte, skade eller gjere vald på andre levande vesen.
Faktaboks
- Uttale
-
veganer
- Også kjend som
- vegan
Ein veganar et berre plantekost og unngår alle former for matvarer av animalsk opphav. Dette inkluderer mellom anna kjøt, fisk, skaldyr, egg, mjølk, honning og produkt der desse inngår. Ein person som følgjer eit plantebasert kosthald, må ikkje nødvendigvis vere veganar. Veganisme handlar om ei etisk overtyding, medan val om eit plantebasert kosthald også kan handle om mat i eit helse- og/eller miljøperspektiv.
I tillegg til eit vegansk kosthald vil som regel veganere avvise bruk av animalske produkt i ein vidare forstand, til dømes ved å unngå bruk av skinn, pels, ull, silke, dun og andre produkt laga med ingrediensar frå dyr eller som er testa på dyr. I tilfelle der det er strengt nødvendig å nytte desse, eksempelvis i ein krisesituasjon, eller i situasjonar der det er fare for liv og helse, kan slike produkt likevel nyttast. Nokre døme er vaksinasjon og medisinbruk. Ein veganar sitt kosthald blir ofte rekna som av ein meir restriktiv type vegetarianisme.
Veganisme er anerkjend som livssyn i Noreg og inngår i likestillings- og diskrimineringslova. Offentlege institusjonar og arbeidsplassar er dermed pålagde å leggje til rette kost for veganarar.
Kommentarar (3)
skreiv Kim Herøy
svarte Georg Kjøll
skreiv Kim Herøy
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.