Toholabal er eit språk som blir snakka av om lag 67 000 i Chiapas i Mexico. Språket er ein nær slektning av chuj, og høyrer, som tzeltal og tzotzil, til den tzeltaloide greina av maya-språkfamilien.
På toholabal blir språknamnet skrive tojol'ab'al, med uttalen [toholʔaɓal], som tyder 'det korrekte språket', der tojol tyder 'korrekt' og 'ab'al tyder språk.
Tojolabal-folket er hovudsakleg maisdyrkande småbønder (campesinos).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.