Teraigribb er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Gyps tenuirostris
- Beskriven av
- Gray, GR, 1844
Som vaksen er fuglen ca. 90 cm lang og veg rundt 5,7 kilo.
Arten er knytt til urbane område, tørr tropisk skog, tørr savanne, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Teraigribb lever av åtsel som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 50 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter fem til seks år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.