Tått er ein norrøn litterær sjanger som består av korte forteljingar. Tåttar står inni lengre soger, men har sjølvstendig og avslutta innhald som ikkje har direkte samanheng med det som blir fortalt føre og etter i soga. Tåtten er likevel gjerne kronologisk plassert i soga og er gjerne knytt til denne ved ein bestemt stad eller person.
I europeisk samanheng er tåtten i slekt med eksempel og digresjonar. Tåtten minner også om eventyr, med ei heilskapleg form og klar tematikk; men tåttane skil seg frå eventyra ved at dei er overleverte til oss som litterære produkt, ikkje av munnleg tradisjon.
Ei soge kan innehalde fleire tåttar, og tåtten fungerer som ein byggjestein i soga. Dei kan vere sette inn i kongesoger for å illustrere eigenskapar ved kongen, men også for å bryte opp ei lang sogeforteljing med kortare og komiske innslag.
Synsvinkelen i tåttane er gjerne lågætta eller fattige menn, til skilnad frå dei store sogene der hovudpersonane er rike og mektige hovdingar eller kongar. På mange vis kan hovudpersonen i ein tått minne om Oskeladden i folkeeventyra. Tåttane syner fram ein sosial motsetnad som stundom kan oppfattast som samfunnskritikk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.