Svartfalk er ein middels stor rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Falco subniger
- Beskriven av
- Gray, GR, 1843
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 650 gram og hofuglane rundt 850 gram.
Arten er knytt til tørr tropisk skog, tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark og myr. Svartfalk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna virvellause dyr (invertebratar), små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.