Spreiing er når plantar eller dyr flyttar seg til eit nytt område. Ordet spreiing vert oftast nytta om einvegs-rørsler som individ gjennomfører åleine eller i små grupper, til forskjell frå migrasjon der mange individ flyttar seg i same retning samtidig. Typiske døme på spreiing er frø som flyg med vinden og spirer langt vekke frå morplanta eller dyr som vandrar åleine til eit nytt område for å finna mat.
Faktaboks
- Også kjend som
-
spredning
Spreiing plar skapa større avstand mellom individ og kan føra til at ein art får større utbreiing. Spreiing kan skje aktivt, ved at individa går, sym eller flyg eller passivt, ved at individa vert ført av garde med vind, vatn, eller liknande.
Ein skil mellom spreiing tidleg i livet som berre skjer ein gong, til dømes naupliuslarver av rur som sym fritt i vatnet før dei finn ein stad å festa seg og leva ut vaksenlivet og spreiing seinare i livet, som hjå ein del artar kan skje mange gongar. Spreiing tidleg i livet vert gjerne kalla for natal spreiing. Dei vanlegaste grunnane til spreiing er for å unngå innavl og for å finna eit leveområde med meir ressursar og/eller færre konkurrentar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.