Skulk vert ofte sidestilt med, eller omtalt som, skulevegring, noko som er uheldig ettersom dette er to ulike problem som treng ulike tiltak.
Der skulk er eit val om å ikkje møte på skulen, gjerne knytt til låg motivasjon for skulearbeidet, har elevar med skulevegring eit sterkt ynskje om å møte på skulen. For elevar som vegrar er det derimot så sterke negative emosjonar knytt til det å møte på skulen at ein ikkje klarer å møte opp. Skulk og vegring i sine klare definisjonar kan ein sjå som ytterpunkt på ei line der ein del elevar viser både skulkeåtferd og vegring og såleis er det ikkje heilt klare skilje for alle elevar.
Ytterlegare komplisert vert årsaksbiletet når fråvær med grunn i diffuse helseplager som hovudverk eller magevondt kan skjule både vegring og skulk. Hovudverk og magevondt vert vurdert som legitime årsaker til fråvær frå skulen, men den eigentlege årsaka til fråvær kan vere at eleven ikkje vil, eller klarer, å møte på skulen.
Den viktigaste årsaka til å skilje mellom skulk og vegring er at dei to problema kan ha ulike risikofaktorar og behov for ulike tiltak. Elevar med skulk har høgre tendens til depressive symptom, men ikkje for angst som er vanleg hos elevar med vegring. Likeins er fråværet til elevar som skulkar skulen mest sannsynleg ikkje knytt til sterkt negative emosjonar eller reaksjonar knytt til faktorar i skulen som utløyser stress slik det er vanleg for elevar som vegrar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.