Skotsk er eit språk som blir brukt i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster. Språket blir òg kalla låglandsskotsk for å skilje det frå skotsk-gælisk som blir tala i høglandet, og for ulsterskotsk på Irland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt av engelsk.
Det er svært uklart kor mange som snakkar skotsk som førstespråk, og tala varierer enormt, frå 200 000 til 1,5 millionar menneske i Skottland og mellom 10 000–20 000 og 100 000 i Ulster (i Nord-Irland og Irland). Ved folketeljinga i Storbritannia i 2001 (United Kingdom Census 2001) vurderte ein å inkludere spørsmålet Do you speak Scots?, men etter nokre førebuande undersøkingar gav ein opp og konkluderte med at svara ville bli for vilkårlege. Det trengst ei detaljert sosiolingvistisk utspørjing. Folk har ikkje eit tilstrekkeleg medvit om eit skotsk språk. Mange trur at dei berre snakkar «dårleg engelsk».
Den skotske regjeringa – the Scots Govrenment [ð? 'skots 'g?vr?nm?nt] – og The North/South Language Body i Irland/Nord-Irland har gitt skotsk status som «tradisjonelt språk». Skotsk er verna under Den europeiske pakta om regionale språk eller minoritetsspråk.
Endonymet for språket er Scots ['skots] eller the Scots leid [ð? 'skots 'lid] 'det skotske språket'. Det blir òg kalla Lallans ['l??l?n(d)z] 'låglandsk'. I Ulster kallar dei det Ulster Scots – eller Ullans, etter mønster av Lallans. Scot tyder 'skotte'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.