Picea sitchensis

Picea sitchensis, sitkagran. Foto frå: Øksedal, Sebbersund, Jylland, Danmark

Picea sitchensis

Picea sitchensis, sitkagran. Foto frå: Sjørring Kær ved Sdr. Onsild, Danmark

Sitkagran er ein art i granslekta og kjem frå det vestlege Nord-Amerika. Sitkagrana er stor og hurtigveksande med flattrykte, svært spisse og stikkande nåler.

Faktaboks

Uttale
sˈitkagran
Etymologi

sitchensis — frå bykommunen Sitka i Alaska

Også kjend som
«Pøbelgran»
Vitskapeleg namn
Picea sitchensis
Beskriven av
(Bong.) Carrière
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

I Noreg har sitkagran har vore mykje brukt ved skogplanting, særleg i kyststrok. Mange stader forvillar ho seg, og i framandartslista til Artsdatabanken står ho i risikokategori SE – Svært høg risiko. Ein treng løyve til å plante ut sitkagran.

Eigenskapar

Veden har grå til raudbrun kjerneved, som ikkje dannar noka skarp grense med yteveden. Tettleiken (densiteten) ved 15 prosent trefukt er cirka 0,45 gram per kubikkcentimeter. Virke som er planta i Europa, har dårlegare styrkeeigenskapar enn virke frå heimstaden, men sitkagran som har vakse i Noreg, kan brukast i dei lågare styrkeklassane av konstruksjonsvirke. Sitkagran blir stort sett brukt til dei same føremåla som vanleg gran, men ho kan ikkje trykkimpregnerast.

Planting

Plantefelt med sitkagran, Arnøyfjorden
Plantet sitkagran ved Arnøyfjorden i Nærøy, Trøndelag.
Plantefelt med sitkagran, Arnøyfjorden
Av /NTB.

Enkelttre skal vera planta i Noreg rundt 1870, medan dei første plantningane vart etablerte på 1890-talet. I skogreisinga langs kysten frå 1950 til 1990 var sitkagran det desidert viktigaste framande treslaget med eit tilplanta areal på cirka 500 000 dekar. Størst har utplantinga vore i Nordland (rundt 130 000 dekar), deretter følgjer Hordaland (rundt 65 000 dekar), Møre og Romsdal (rundt 60 000 dekar) og Rogaland (rundt 55 000 dekar). Plantefelta finst langs heile kysten nord til Troms.

Etter at styresmaktene vart merksame på risikoane ved å innføre artar til nye område, har det vorte innført restriksjonar på bruk av framande treslag i skogbruksnæringa. I 2012 vart det vedteke ei forskrift om utsetjing av framande treslag til skogbruksføremål. Av denne følgjer det at ein treng løyve for å plante ut sitkagran i Noreg.

I framandartslista til Artsdatabanken står sitkagran (inkludert lutzgran) i risikokategori SE — Svært høg risiko. Det blir grunngitt med at arten har stort invasjonspotensial og høg økologisk effekt (mellom anna gjengroing av dei raudlista naturtypane kystlynghei og kysthøgmyr).

Sitkagran, Picea sitchensis, og lutzgran, Picea x lutzii (hybriden mellom sitkagran og kvitgran Picea glauca), kan vera vanskeleg å skilja frå kvarandre, og det er ofte uklart kva som er planta. I risikovurderinga til Artsdatabanken er difor sitkagran og lutzgran behandla samla, og i arealstatistikken er tala for dei to artane særs usikre.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøete planter, nakenfrøingar
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Picea granslekta
Art Picea sitchensis sitkagran

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Picea sitchensis
Tidlegare vitskapleg namn
Pinus sitchensis Bong.
Artsdatabanken-ID
103814
GBIF-ID
5284827

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg