Plmme
Av /Shutterstock.

Global produksjon av plomme, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.31965197019751980198519901995200020052010201520202M4M6M8M10M12M14M
Kilde: FAOSTAT
Prunus domestica i blom. Foto: MMR Lisens: CC BY SA 2.0
.
Lisens: fri
Plommer på treet. Foto: Flaggstaffphoto. Lisens: GFDL 1.2
.
Lisens: fri

Plomme er ei underslekt i kirsebærslekta i rosefamilien. Plommeslekta består av 19 til 40 artar av tre og buskar med etande steinfrukter. Den mest kjende arten er plomme (Prunus domestica).

Faktaboks

Også kjend som
Prunus
Vitskapeleg namn
Prunus domestica
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
12,0 millioner tonn (2021)
Årleg norsk produksjon
2 500 tonn (2021)

Bruk

Dei fleste plommesortar som blir dyrka i Noreg, stammar frå vestasiatisk vanleg plomme eller sviskeplomme, Prunus domestica, og europeisk eller vestasiatisk kreke.

Kirsebærplomme har hatt mindre å seia som opphav til ulike sortar, men er viktig som grunnstamme. Mest brukt som grunnstamme i Noreg er likevel 'St. Julien', som høyrer til Prunus domestica ssp. insititia. Ein del nyare, «japanske» plommesortar stammar frå kapp-plommer (også kalla japan- eller ferskenbladplomme), Prunus salicina, med heimstad i Kina, eller frå kryssingar mellom denne og amerikanske eller andre artar.

Plommer blir ofte brukt til produksjon av brennevin. Brennevinet blir marknadsført under ulike namn, til dømes Mirabelle og Prunelle (Alsace), slivovitz (Aust-Europa) og Quetsch (Alsace og Sveits).

Plommer blir tørka til svisker.

Dyrking

Plommedyrking er vanleg i heile Sør-Noreg til og med Trøndelag. Lenger nord, og i høgareliggjande strøk sørpå, er dyrkinga avgrensa til tidlege, hardføre sortar, gjerne som veggtre. Når trea ber rikt med frukt, er det nødvendig med å tynne karta tidleg og kraftig.

Plommetrea var ofte rotekte, det vil seia at formeiringa skjedde ved rotskot. Dette blir framleis brukt for enkelte sortar, men poding blir vanlegvis føretrekt. Av både myrobalan og 'St. Julien' finst eit utval av klonstammar, ved sida av at frøformerte grunnstammar også blir brukte. Nokre sortar er sjølvsterile, fleire av hovudsortane i Noreg er sjølvfertile. Døme på plommesortar som blir dyrka i Noreg, er 'Edda', 'Mallard', 'Jubileum', 'Opal', 'Reeves' og 'Victoria'.

Historie

Plommedyrkinga er gammal og kom frå Vesleasia over Hellas og Italia til resten av Europa. I Noreg har plommer vore kjende frå 1000-talet, og vi kan seia sikkert at dei vart dyrka frå 1550.

Næringsinnhald

Plommer inneheld noko fruktsukker, stivelse og kostfiber, men elles lite næringsstoff: Cirka 7 milligram vitamin C, 197 milligram kalium, 2 gram kostfiber, 85 prosent vatn og 227 kilojoule tilført energi per 100 gram etande vare.

Plommesortar

Namn Brukstid Kvalitet Fruktstorleik Pollensort Andre opplysningar
Althans September Svært god Stor, raud-blå, ber ujamt Opal, Mallard, Victoria God kvalitet, men vanskeleg å dyrke
Czar September God Middels, blå, ber rikt Mallard, Victoria, Opal, sjølvfertil Må tynnast, hardfør, blir lett angripen av monilia
Edda Slutten av august Svært god Middels-stor, mørk blå, ber rikt Opal, Herman, Victoria Vanskeleg å dyrke, berre på stader med mild vinter
First August God Liten, gulgrøn med raudt på solsida, ber rikt Rivers Early, Prolific, myrobalan-plommer Salicinaplomme, berre på stader med mildt klima og lang vår
Herman August God Middels, blåfiolett, ber rikt Edda, Opal, sjølvfertil Nøysam, svensk sort, tidleg moden
Jubileum September God Svært stor, raudfiolett med brune prikkar på gul botn Opal, Victoria Svensk sort
Mallard September Svært god Middels-stor, fiolett, ber rikt Althans, Herman, Opal Tidleg, berre på stader med mild vinter
Opal August–september Svært god Middels, raudblå, ber rikt Czar, Edda, Oullins, sjølvfertil Må tynnast fordi han ber uvanleg rikt
Oullins September Svært god Stor, gul, ber rikt Sjølvfertil, Edda, Opal Også kalla Reine Claude d'Oullins, villig sort, må tynnast
Precoce (Mirabelle) August Søt, svært god Svært liten, lys gul, god til middels Oullins, Opal Passar i fellesanlegg, kan ristast ned og etast i to til fire veker
Reeves Sist i september God, jamn Svært stor, gul med raud dekkfarge Oullins, Opal Kanadisk
Rivers Early Prolific Slutten av august God Liten, blå, ber rikt Althans, Opal, Victoria, sjølvfertil Må tynnast, utsett for plommepung og midd
Victoria September Svært god Stor, matt raud, ber svært rikt Czar Oullins, Opal, sjølvfertil Ber tidleg, må tynnast, elles blir kvaliteten dårleg

Største produsentar av plommer og slåpetorn

I statistikkane til FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) blir produksjonstala oppgitt samla for plommer og slåpetorn i tonn. Tala i parentes er plasseringa på lista.

Land Produksjon 2012 Produksjon 2002
Kina 6 022 744 4 397 419 (1)
Romania 424 068 220 638 (4)
Serbia 391 485 205 371 (7) (med Montenegro)
Chile 300 000 215 000 (5)
Tyrkia 297 026 200 000 (8)
Iran 295 000 145 000 (12)
USA 229 731 667 601 (2)
India 215 000 90 000 (16)
Frankrike 209 302 246 376 (3)
Spania 205 300 210 900 (6)
...
Noreg 1 102 (73) 1 739 (71)

Kjelde FAO-stat (juni 2014).

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Prunus kirsebærslekta
Art Prunus domestica plomme

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus domestica
Artsdatabanken-ID
103371
GBIF-ID
7931731