I mandarin finst det fleire småord som det er vanleg å omtale som partiklar, og som ikkje utan vidare passar inn i andre ordklasser. Eit eksempel er underordningspartikkelen de (的), som står mellom eit underledd (adledd) og eit overledd (hovud) i ein nomenfrase. Alle underledd står føre overleddet, som i dette eksempelet, der wǒ (我) tyder 'eg' og shū (书) tyder 'bok':
-
Wǒ de shū. 我的书。'Boka mi.'
Partikkelen de (的) kan òg stå mellom ei relativsetning og eit overledd, som i dette eksempelet, der relativsetninga wǒ ài (我爱) tyder 'eg elskar' og overleddet nǚrén (女人) tyder 'kvinne':
-
Wǒ ài de nǚrén. 我爱的女人。'Kvinna som eg elskar.'
Mandarin dannar spørjesetningar utan spørjeord med den setningsfinale partikkelen ma (吗):
-
Wǒ ài nǐ. 我爱你。'Eg (wǒ) elskar (ài) deg (nǐ).'
-
Nǐ ài wǒ ma? 你爱我吗?'Elskar du meg?'
Legg merke til at kinesiske ord er ubøygde, slik at wǒ (我) nokre gonger må setjast om med 'eg', andre gonger med 'meg' og atter andre gonger med 'min/mi/mitt/mine'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.