Ordstamme er den delen av ei bøygd ordform som blir igjen når bøyingsaffiksa blir trekte ifrå, som dokk- i bøyingsforma dokka. Vi kallar det også stamme.

Ord minus bøyingsaffiks er lik ordstamme

Her er tre norske eksempel:

  • Substantiv: slangane (bunden fleirtal av slange) minus bøyingsaffikset -ane gir stamma slang-
  • Adjektiv: flinkare (komparativ av flink) minus bøyingsaffikset -are gir stamma flink-.
  • Verb: brukte (preteritum av bruke) minus bøyingsaffikset -te gir stamma bruk-

Ord og stamme

Det er vanleg at nokre av bøyingsformene til eit ord ikkje har bøyingsaffiks, slik at forma berre inneheld ei stamme. Det gjeld til dømes adjektivet flink ovanfor. Stamma er flink-, mens bøyingsforma i positiv, eintal, ubunden, hokjønn/hankjønn er flink. Eit anna døme på det same er såkalla sterke substantiv, som manglar bøyingsending i ubunden eintal, som gut, geit og hus.

Stammeveksling

Ofte er stamma felles for alle bøyingsformene av eit ord, som i dette eksempelet:

stamme bøyingsaffiks
slang e
slang en
slang ar
slang ane

Men i mange språk varierer forma på stamma. Mange norske substantiv har forskjellig stamme i eintal og fleirtal, som bok:

stamme bøyingsaffiks
bok
bok a
bøk er
bøk ene

Mange norske verb har ei enda større stammeveksling – til dømes suge:

stamme bøyingsaffiks
sug e infinitiv
syg presens
saug preteritum
sog e perfektum partisipp
sug imperativ

Fordelinga mellom leksikalsk og grammatisk tyding

Ordstamma uttrykkjer ofte «grunntydinga» eller den leksikalske tydinga til eit ord, mens bøyingsendinga uttrykkjer den grammatiske tydinga til ordet:

stamme med leksikalsk tyding bøyingsaffiks med grammatisk tyding
slang ane
'bøyeleg røyr til å leie væske eller gass gjennom; orm' 'bunden fleirtal'

Men fordelinga mellom leksikalsk og grammatisk tyding er ikkje alltid slik. Bøyingsaffiks uttrykkjer berre leksikalsk tyding, men stamma uttrykkjer ikkje sjeldan både leksikalsk og grammatisk tyding. Eit eksempel på dette finn vi til dømes ved bøyinga av substantiv med i-omlyd i fleirtal, som rot 'den delen av ei plante som går ned i jorda':

stamme bøyingsaffiks
rot
rot a
røt er
røt ene

Stamma rot- uttrykkjer både den leksikalske tydinga 'den delen av ei plante som går ned i jorda' og den grammatiske tydinga 'eintal', men stamma røt- uttrykkjer både den leksikalske tydinga 'den delen av ei plante som går ned i jorda' og den grammatiske tydinga 'fleirtal'. Rot- blir kalla ei eintalsstamme, mens røt- blir kalla ei fleirtalsstamme. Numerus (tal) er her uttrykt i både stamme og bøyingsaffiks.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg