Orddanning er det at nye ord blir danna. Det finst fire hovudtypar av orddanning, som er nærmare forklarte nedanfor:
- Samansetning – som fastlege
- Avleiing – som lærar
- Samantrekking – som burkini
- Forkorting – som SV og NATO
Orddanning er det at nye ord blir danna. Det finst fire hovudtypar av orddanning, som er nærmare forklarte nedanfor:
Samansetning er å setje saman to ord til eit nytt:
I ein del tilfelle har forleddet i samansetninga eit eige suffiks, som s-en i bunad-s—politi eller e-en i skatt-e—snytar. Dette suffikset blir ofte, men noko villeiande, kalt samansetningsfuge.
I moderne norsk er samansetning den absolutt vanlegaste måten å lage nye ord på. Kring 80 prosent av dei nyorda som Språkrådet registrerer, er samansetningar.
Avleiing finst i fire variantar:
Affigering inneber å leggje affiks (prefiks, infiks, suffiks) til ei rot eller ei stamme:
Avleiing skjer i norsk mest med suffiks, som -ar, -ing og -isme i eksempla over, men i nokre tilfelle med prefiks, som ur- i urkomisk. Norsk brukar ikkje infiks.
Fjerning av affiks eller tilbakedanning er eit relativt vanleg fenomen:
Substantivet støvsugar blei laga som ei samansetning av støv og sugar tidleg på 1900-talet. Verbet støvsuge, med stamma støvsug-, blei danna ved å fjerne -ar.
Hankjønnsordet dust 'tosk, tufs' er danna ved tilbakedanning frå adjektivet dustete 'tomsete, toskete'. Dustete tyder òg 'støvete', og er opphavleg ei avleiing frå hokjønnsordet dust 'støv'.
Konversjon er det at ei rot eller ei stamme blir ført over i ein annan ordklasse utan andre endringar:
I engelsk er konversjon svært vanleg, som i dette eksempelet:
Dette var ein parole som demonstrantar brukte i Florida hausten 2021 mot innføring av den strenge abortlovgjevinga som Texas hadde innført tidlegare same året. Her er Texas brukt som eit verb.
Modifikasjon er ei endring av ein eller fleire lydar i ei rot eller ei stamme. Denne typen avleiing har vi mykje av i norsk, men alle eksempla er svært gamle, slik at det modifikasjon i liten grad er ein produktiv orddanningsmåte i moderne norsk:
Samantrekking er å ta byrjinga på ei rot eller stamme og kople ho til slutten av ei anna rot eller stamme. Eit «klassisk» eksempel er det engelske substantivet smog 'røykblanda tåke', som er laga av smoke 'røyk' pluss fog 'tåke': sm(oke) + (f)og ⇨ smog. Dette blir òg kalt teleskopord. Mellom nyorda i norsk finst det fleire slike:
I mange tilfelle er det «overlapping» mellom dei to orda som blir trekte saman, ved at dei har lydar eller bokstavar til felles – her vist med store bokstavar:
Forkorting er slikt som initialord og akronym. Her er nokre eksempel:
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.