Opplandsmål er dialektene på det indre Austlandet, og dette området dekker dei nordlegaste delane av det me kallar dei austlandske flatbygdmåla.
Til opplandsk reknar ein dialektene på Hedmarken, Toten og Hadeland. Vidare vil opplandsk dekka austlege område frå Våler/Åsnes i nord til Eidskog i sør. I noko av faglitteraturen blir også dialektene i Sør-Østerdalen rekna med til opplandsk.
Opplandske dialekter har ein del felles trekk som skil dei frå midlandske dialekter (fjellmåla på Austlandet) og frå dialektene på Sør-Austlandet (midtaustlandsk og vikværsk).
Kommentarar (2)
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.