Norvegia er ein norsk kvitost, tidlegare òg kjent som norsk gauda. Osten er produsert sidan 1890-åra, og det blir produsert rundt 22 000 tonn av den årleg, noko som er marginalt meir enn jarlsberg. Osten har runde hôl som er mindre og færre enn dei hos jarlsbergosten og sveitserosten. Smaken er mild, men varierer hos dei ulike typane norvegia. Han smeltar lett og eignar seg difor til matlaging. Norvegia blir produsert ved hjelp av mikrobiell løype.

Faktaboks

Uttale

norvegia

Norvegia blir tilverka i ei rekkje variantar: skorpefri original, fyldig og økologisk, som alle er modna i tre månader, og dessutan ein lettvariant som er modna i fire månader, og ein vellagra med ni månaders modning. I tillegg er det to variantar med skorpe og kutte frå heile ostehjul, høvesvis vellagra med ni månaders modning og ekstra vellagra med 15 månader modning. I tillegg modnast nokre heile hjul av norvegia i høvesvis tre og fem år og går under namna Norvegia Reserve og Norvegia Special Reserve.

Under NM i ost i 2019 vart Norvegia Special Reserve (5 år) kåra til årets ost.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg