Midlandsmål er ei samlenemning på dialektene i dei vestlege austnorske fjelldalane frå Telemark i sør til Nord-Gudbrandsdal i nord. Midlandsk høyrer inn under det austnorske jamvektsområdet og har kløyvd infinitiv og andre austnorske særdrag.
Namnet midlandsk refererer til den geografiske plasseringa midt i Sør-Noreg. Men namnet kan også visa at talemålet her ligg midt mellom austnorsk og vestnorsk. På den eine sida har midlandsk ei rekkje karakteristiske austnorske trekk (til dømes kløyvd infinitiv og tjukk l) og på den andre sida ein del språktrekk som peikar vestover mot det vestnorske målområdet. I midlandsmåla finn vi ein god del arkaiske trekk som stammar frå norrønt.
Kommentarar (2)
skreiv Trond Tynnøl
svarte Martin Skjekkeland
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.