Maorifalk er ein middels stor rovfugl i falkefamilien og finst på New Zealand.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Falco novaeseelandiae
- Beskriven av
- Johann Friedrich Gmelin, 1788
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 330 gram og hofuglane rundt 530 gram.
Arten er knytt til temperert skog, beitelandskap, temperert buskmark og temperert grasmark. Maorifalk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.