Liturgisk farge er symbolske fargar som blir nytta under den kristne gudstenesta. Dei liturgiske fargane følgjer kyrkjeåret og er visuelt med på å utdjupe kyrkjeårstidene og feiringane. Fargane er nytta på messehaklar og stola, som liturgen ber under gudstenesta og ved liturgiske handlingar. Antependium og preikestolklede markerer òg gjerne dei liturgiske fargane.
Dei liturgiske fargane vart utvikla i mellomalderen og endeleg fastlagt på slutten av 1500-talet (i den katolske kyrkja). Gjennom historia har ulike fargar og fargenyansar vore i bruk avhengig av tradisjonar og kontekst. Likevel er det fire hovudfargar som går att.
- Fiolett eller blått er fargen for faste, førebuing, bot og sorg. Denne fargen blir brukt i advent, i fastetida, gravferder og sørgegudstenester.
- Raudt er fargen for Den heilage Anden og kyrkja, martyrar, helgenar, blod og eld. Denne fargen blir brukt på helgenfestane, i pinsa og ved vigsling til kyrkjelege stillingar.
- Kvitt (eller gyllent) er fargen for glede og fest og for Kristus-høgtidene. Denne fargen blir brukt på festdagane i juletida og påsketida, og ved bryllaup. Kvitt (etter kyrkjeårstida sin farge) kan òg nyttast ved dåp og konfirmasjon.
- Grønt er fargen for vekst og kvardag. Dette er den mest brukte fargen.
Dei liturgiske fargane blir brukt etter bestemte retningslinjer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.