Lerkeplanting
Lerk blir framleis planta enkelte stader i Noreg
Lerkeplanting
Mye kjerneved.
Treslaget lerk har mykje kjerneved og generelt meir enn furu. Kjerneveden blir utvikla allereie når trea er i forholdsvis ung alder.
Mye kjerneved.

Lerk. Tre og kvist med frøkongle.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lerk er ei slekt i furufamilien med 10 — 14 artar i Europa, Asia og Nord-Amerika. Dei fleste bartrekjennarar meiner no at det er 10 artar. Lerk skil seg frå dei fleste andre bartrea ved at nålene fell av om hausten.

Faktaboks

Beskriven av
Philip Miller

Skildring

Lerk i høstfarger.
I motsetning til bartrea gran og furu blir dei grøne lerkenålene gul-oransje om hausten før treslaget mister alle nålene.
Lerk i høstfarger.
Flotte høstfarger.
Lerketre står ofte inne i mellom gran- og furutre. Når lerken skiftar farge lyser det oransje-gule baret opp i skogen.
Flotte høstfarger.
Buntvise nåler på kortskuddene
På kortskota sit nålene buntvis, som rosettar.
Buntvise nåler på kortskuddene

Lerketrea er store tre med vassrett utståande eller hengande greiner. På langskota sit nålene spreidd, på kortskota sit dei i buntar.

Pollenkonglene («hannblomane») sit på kortskot utan nåler, frøkonglene («hoblomane») sit på kortskot med nåler. Nokre av dei beste skiljemerka mellom artane har frøkonglene, spesielt i kongleskjela.

Utbreiing

Europalerk, Larix decidua, dannar skogar i Alpane og Karpatane og går opp til 2500 meter over havet. Sibirlerk, Larix sibirica, dannar store skogar frå europeisk Russland til Sibirs skoggrense mot nord og aust. I nordauatlege Asia finst mongollerk, Larix gmelinii. Czekanow-lerk, Larix × czekanowskii har ei liknande utbreiing- Larix mastersiana er ein sjeldsynt art som høyrer heime i Kina. I Himalaya veks sikkimlerk, Larix griffithii. Japanlerk, Larix kaempferi, dannar skogar i Japan.Amerikalerk, Larix laricina, går til skoggrensa i Nord-Amerika. I Nord-Amerika veks også kjempelerk, Larix occidentalis og fjell-lerk, Larix lyallii. I tillegg til dei naturleg førekommande artane har også den kunstige hybriden hybridlerk, Larix × eurolepis, vore ein del bruka i europeisk skogbruk.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøingar, nakenfrøete planter
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Larix lerkeslekta

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
103801
GBIF-ID
2686156

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg