Det latinske alfabetet

Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda, og det blir brukt i mellom anna alle vesteuropeiske språk. Det består av dei same bokstavane som romarane brukte, men med nokre få tillegg. Mange språk bruker dessutan diakritiske teikn og tilleggsbokstavar.

Det latinske alfabetet

Latinsk alfabet er det mest utbreidde alfabetet i verda. Det norske alfabetet er det latinske alfabetet med tillegg av vokalane Æ, Ø og Å.

Faktaboks

Uttale
latˈinsk alfabet

Det latinske alfabetet var alfabetet til romarane. Det er det direkte opphavet til dei fleste europeiske språka sine alfabet (bortsett frå det kyrilliske).

Opphav og utvikling

Opphavet til det latinske alfabetet er eit vestgresk alfabet som vart innført i Roma og Latium, truleg gjennom etruskisk formidling på 600-talet fvt.

Etter kvart vart det delvis modifisert både i forma og lydverdien til fleire bokstavar. Eit døme er bokstaven F, som i gresk var teikn for lyden w (digamma Ϝ), men som saman med lyden fall bort i dei fleste greske dialektane.

Eit indisium på etruskisk innverknad, sidan dette språket ikkje kjende stemde plosivar, er at C (frå den greske bokstaven for lyden g) i eldre tid stod for både vanleg C (uttalt k og erstatning for det opphavlege K-teiknet, bevart berre i enkelte forkortingar) og G (til dømes den tradisjonelle forkortinga C. for namnet Gaius).

Det eldste latinske alfabetet var slik:

A B C D E F Z H I K L M N O P R S T V X

Etter kvart vart Z, som var overflødig for å skrive latin, teken ut av alfabetet, og G overtok den ledige plassen i bokstavrekkja. Bokstaven G (C med ein ekstra strek) er ein seinare romersk nyskaping kort etter 300 fvt. Bokstaven K vart brukt berre i nokre få ord, til dømes i kalendae, og kunne ofte erstattast med C. i Bokstavane I og V karakteriserte høvesvis både lydane i og j, u og v (forveksling var ikkje mogleg i latin). Dei to siste bokstavane, Y og Z, òg lånte frå gresk, vart sette til i slutten av republikktida og brukte særleg i dei stadig meir talrike greske lånorda.

Det latinske alfabetet kom då til å sjå slik ut i klassisk tid:

A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z

Bokstaven W (opphavleg ein ligatur av to V-ar) representerer ei seinare oppfinning som vart teken i bruk i mellomalderen for å skrive germanske språk.

Det var først i renessansen at skiljet mellom I, U for å gje att vokalar og J, V for konsonantar vart etablert.

Dei enkelte bokstavane

Det latinske alfabetet består av bokstavane A–Z.

Les meir om kvar enkelt bokstav:

På norsk er i tillegg tre andre bokstavar (og fleire diakritiske teikn) i bruk:

Sjå òg kategorien for skriftteikn for fleire bokstavar og teikn.

Les meir i Store norske leksikon