Kreolspråk er språk som har ei forhistorie som pidginspråk. Det finst særskilt mange kreolspråk i Karibia med tilgrensande område, Vest-Afrika og Melanesia. Kreolspråka blir ofte klassifiserte etter kva anna språk ordtilfanget kjem frå, slik at vi mellom anna skil mellom engelsk-baserte, fransk-baserte og portugisisk-baserte kreolspråk. Forleddet kreol i ordet kreolspråk viser til etterkomarar av spanjolar, portugisarar og franskmenn både i Karibia og på dei amerikanske kontinenta.
Faktaboks
- Uttale
- kreˈolspråk
- Også kjend som
-
kreolsk
Dei fleste kreolspråka har ei regelrett og enkel formlære og uttrykkjer grammatiske relasjonar meir ved eigne ord enn ved bøyingsformer. Lydsystemet er òg oftast relativt enkelt. Men di lenger eit kreolspråk har eksistert, di større sjanse er det for at det ikkje har slike drag, og eit språk kan ikkje utan vidare identifiserast som eit kreolspråk om vi ikkje kjenner den historiske bakgrunnen til språket. Mange kreolspråk har utvikla seg frå pidginspråk med eit ordtilfang av germansk eller romansk opphav, fordi desse pidginspråka har oppstått i område som har vore koloniserte av europeiske statar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.