Konjunktiv er eit namn på verbformer som uttrykkjer ein tenkt situasjon – noko som kunne ha skjedd, burde ha skjedd, burde skje eller er ønskjeleg at skjer. Eit eksempel frå norsk er verbforma leve i Leve kongen! – eit uttrykk for at ein ønskjer at kongen skal leve. Konjunktiv er lite brukt i norsk, og finst berre i faste uttrykk; jamfør avsnittet Konjunktiv i norsk lenger nede.
Faktaboks
- Uttale
-
konjunktiv
- Etymologi
- Konjunktiv kjem av seinlatin coniūnctīvus (modus) ‘(setnings)samanbindande (måte)’, som er avleitt av conjūnctus ‘samanbunden, samanhengande’.
- Også kjend som
-
s'ubjunktiv
Konjunktiv, som òg blir kalla subjunktiv, er ein modus. Ulike modusar (modi) uttrykkjer korleis talaren tek stilling til det som blir sagt.
Kommentarar (2)
skreiv Magnus Fagernes Ivarsen
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.