kommareglar
Komma mellom setningar
Det skal vere komma mellom hovudsetningar som det står og, eller, men eller for mellom:
- Mor køyrer brøytebil, og det liker ho.
- Far vaskar badet, men han liker det ikkje.
Det skal ikkje vere komma i setninga: «Mor køyrer brøytebil og liker det.» Her skal det ikkje vere komma etter og fordi det ikkje er eit subjekt, berre eit verbal, etter bindeordet. Difor er det som står etter og ikkje ei hovudsetning.
Det skal vere komma etter ei leddsetning som står framfor ei hovudsetning. Viss leddsetninga står inne i hovudsetninga, skal det også vere komma etter. Viss leddsetninga som står inne i hovudsetninga, ikkje er nødvendig, skal det vere komma før også:
- Når mor kjem heim, les ho avisa.
- Kvinner som les aviser mens mannen lagar middag, får mykje kritikk.
- Mannen, som hadde vore ute på rangel, gjorde så godt han kunne.
Oppramsingar
Det skal vere komma mellom ledd i ei oppramsing.
- Mor las både Aftenposten, Klassekampen og Dagsavisen.
- Ho las om dei høge straumprisane, den stigande renta og aukande prisar på mat.
Innskotne ledd og tiltaleord
Det skal vere komma etter tiltaleord, utropsord og liknande:
- Hei, eg lurer på om du kjem til middag i dag.
- Nei, eg kan dessverre ikkje komme.
Det skal òg vere komma framfor og etter innskotne ledd, og viss tiltaleord og svarord står inne i ei setning:
- Hei, Svein, kva tenkjer du om dette?
- Du liker vel ikkje sjokolade, du?
Vanlege feil
Det skal ikkje vere komma etter ledd som liknar leddsetningar:
- Å lese avisa etter arbeidstid er ein fin måte å slappe av på.
Leddet «Å lese avisa etter arbeidstid» har ikkje eit bøygd verb, men eit verb i infinitiv (grunnform).
Om ein set komma etter eit slikt infinitivsledd, er det eit døme på det som på dansk blir kalla idiotkomma. (Sjå nedanfor.)
Komma i dansk
I dansk er det vanleg med startkomma. Det går ut på at ein kan ha komma både før og etter ei leddsetning:
- «Hun sagde, at hun ikke kunde komme til middagen.»
- «Jeg ringer til dig, når jeg kommer hjem.»
- «Bedstefaren sagde, at det var dejligt, at have børnebørnene på besøg.»
Dette er i strid med ein norsk kommaregel, som går ut på at det sjeldan skal vere komma føre at.
I dansk er det som regel valfritt om ein vil bruke startkomma eller ikkje, men ein bør følgje same praksisen innanfor ein og same tekst.
«Idiotkomma» er eit dansk omgrep for feil bruk av komma. Det kan dreie seg om feil bruk av startkomma i ei leddsetning som vert innleia av eit hv-ord, som i: «Jeg ved ikke hvem, der kommer» i staden for det korrekte «Jeg ved ikke, hvem der kommer».
«Idiotkomma» kan også brukast om feil bruk av komma framfor ein infinitiv: «Han lovede hende, at ringe.» Det korrekte er: «Han lovede hende at ringe.»
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Kommareglar (Språkrådet)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.