Komma er eit skiljeteikn (,) som mellom anna blir sett mellom sideordna setningar, ledd, opprekningar og liknande, dessutan føre unødvendige leddsetningar, for å skilje ut innskot og tillegg. Ulike språk har ulike kommareglar.
I nokre tilfelle kan plasseringa (eller fråvær) av komma endre tydinga av ei setning. Desse to setningspara er kjende døme:
- Heng han ikkje, vent til eg kjem.
- Heng han, ikkje vent til eg kjem.
- Når skal vi ete, mamma?
- Når skal vi ete mamma?
I desimaltal blir det også brukt komma, til dømes 10,50 (også når eit pengebeløp blir oppgitt i kroner og øre).
På engelsk blir derimot komma sett der vi bruker punktum og omvendt, slik at talet 10,50 på engelsk blir skrive 10.50, medan komma blir brukt for å skilje ut høgare tal. På engelsk skriv ein difor 1,000,000 for ein million. I Noreg og i dei aller fleste europeiske landa har punktum tradisjonelt blitt brukte som tusenskilje (1.000.000 for ein million), men det tilrådde tusenskiljet er no mellomrom (1 000 000), i tråd med tilrådinga frå den internasjonale Generalkonferansen for mål og vekt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.