Kirsebærplommeblomar
Kirsebærplomme
Prunus cerasifera

Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Kalø Vig, Djursland, Danmark

Kirsebærplomme er ein art plomme i rosefamilien som opphavleg stammar frå Balkan og Vest-Asia.

Faktaboks

Også kjend som
Myrobalan
Vitskapeleg namn
Prunus cerasifera
Beskriven av
Jakob Friedrich Ehrhart
Framandartstatus i Noreg
PH – Potensielt høy risiko
Global rødlistestatus
DD – Datamangel

Eigenskapar

Kirsebærplomme er ein busk eller eit lite tre som blir opptil åtte meter høgt. Treet blømer før eller ved lauvsprett med femtalige, tokjønna, kvite blomar som er insektpollinerte. Frukta som blir danna, er ei gul eller raud steinfrukt. Frøa blir spreidde av fuglar som et fruktene.

Bruk

Kirsebærplomme vert i liten grad dyrka kommersielt som frukttre, men har vorte brukt som grunnstamme for dyrking av ulike plommesortar. Kirsebærplomme blir også brukt til hekk- og leplanting, og dessutan til prydtre.

Økologiske konsekvensar

Kirsebærplomme er oppført på framandartslista med potensielt høg risiko i Noreg. Sjølv om invasjonspotensialet til arten er vurdert til stort, er den økologiske effekten ikkje kjend.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Prunus kirsebærslekta
Art Prunus cerasifera kirsebærplomme

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus cerasifera
Artsdatabanken-ID
103369
GBIF-ID
3021730

Kommentarar (4)

skreiv Janne Horn Erath

Kirsebærplomme er ikke (lenger) listet i de kategorier som tidligere utgjorde "svartelisten". Svartelisten utgjorde "høy risiko" (HI) og "svært høy risiko" (SE). Begrepet er gått ut av bruk. Kirsebærplomme er (nå) listet med "lav risiko" (LO) (pr. 2018).

skreiv Janne Horn Erath

Det ville være fint å se andre farger av blomstene, ettersom det ser ut til å forekomme også andre farger en hvite blomster.

svarte Marit M. Simonsen

Takk for innspillet, jeg la til et bilde av en annen fargevariant.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg