IKEA-kataloger
IKEA-kataloger på IKEA-museet i Älmhult, Sverige.
Av /Svenska Dagbladet.

Ein katalog er ei liste eller ein oversikt over personar, gjenstandar eller anna. Katalogen har opplysningar om desse personane eller gjenstandane, slik at dei kan listast opp i til dømes alfabetisk rekkefølgje. Katalogen kan også vera ein database der ein kan søka i opplysningane.

Faktaboks

Uttale

katalog

Etymologi
av gresk ‘opptelling’

Ordet katalog vert også brukt om kartotekskuffer, bøker, dataprogram eller anna som inneheld slike lister eller oversiktar.

Les mer i Store norske leksikon