Jonisk stil

Joniske søyler. Rekonstruksjonstegning av det berømte Artemis-tempelet i Efesos, slik man antar at det så ut omkring midten av 500-tallet fvt. Tempelet, som ble regnet som et av verdens sju underverker, ble ødelagt av brann 356 fvt., påsatt av Herostratos.

Jonisk stil
Av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※.
Jonisk søyle med attisk-jonisk fotstykke og glatt søyleskaft-overflate, fra Hadrians akvedukt, Athen, hentet fra James Stuart og Nicholas Revetts 'The Antiquities of Athens'.
Getty Research Institute, Los Angeles.

Jonisk søyle er ein klassisk søyletype, som høyrer til den joniske orden, ein stil i klassisk arkitektur og skulptur. Den joniske orden, med dei joniske søylene, oppsto omkring 600 fvt. og er noko yngre enn den doriske orden.

Joniske søyler er høgare og slankare enn dei doriske. Fotstykket (basisen) har rund planform, og er typisk i ein av to ulike variantar: asiatisk-jonisk eller attisk-jonisk. Dei joniske søylene er krona med kapitél (søylehode), som særskild kjenneteiknast ved sine spiralforma voluttar.

Det asiatisk-joniske fotstykket er samansett av ein torus med to underliggande skotia og ein plint (f.eks. i Athene-tempelet i Priene), mens det attisk-joniske fotstykket er samansett av to tori med ein mellomliggande skotia og ein underliggande plint (for eksempel i nordre portiko av Erekhtheion-tempeletAkropolis). Det joniske søyleskaftet har gradvis avsmaling mot søylehodet, og kan anten ha kannelyrer eller glatt overflate. Joniske søyler har fleire kannelyrer enn doriske.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Donald M. Rattner (1998). Parallel of the Classical Orders of Architecture, New York (Acanthus Press).
  • Arne Gunnarsjaa (2001). Arkitekturhistorie: En kort innføring i byggekunst, Oslo (Abstrakt forlag), sidene 36-38.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg