Historia til interlingua/IALA byrja i 1924, då det amerikanske ekteparet Alice Vanderbilt Morris (1874–1950) og Dave Hennen Morris (1872–1944) skipa organisasjonen International Auxiliary Language Association (IALA). IALA, som i utgangspunktet berre hadde som mål å finne ut kva for eit av dei eksisterande konstruerte hjelpespråka – mellom anna esperanto og interlingua/LSF og novial – som var mest veleigna, tok etter ti års arbeid initiativet til å skape sitt eige alternativ, i samarbeid med mange av dei fremste lingvistane i verda på denne tida, mellom anna dansken Otto Jespersen (1860–1943) og franskmannen André Martinet (1908–1999).
I 1951 gav IALA ut boka Interlingua Grammar der den tysk-amerikanske lingvisten Alexander Gode (1906–1970) og den amerikanske lingvisten Hugh Blair (1909–1967) la fram interlingua/IALA, med innføring i ortografi og uttale, grammatikk, ordliste og eksempeltekstar. Dette nye hjelpespråket likna så mykje på det gamle interlingua/LSF at dei heldt på namnet. Mens interlingua/LSF byggjer direkte på latin, byggjer interlingua/IALA på moderne romanske språk. For at eit ord skal takast i bruk i interlingua/IALA, måtte det finnast i dei romanske språka spansk, portugisisk, italiensk og fransk og det germanske språket engelsk, som er fullt at romanske lånord. Ein tok òg i ein viss grad omsyn til tysk og russisk.
Interlingua/IALA og interlingua/LSF skil seg frå til dømes esperanto, og endå meir frå volapük, ved å vere meir «naturalistiske», ved at orda har ei form som ligg nærmare det ein finn i naturlege ikkje-konstruerte språk, slik at dei er forståelege utan læring for dei som kan eitt eller fleire romanske språk frå før. Her er ein tekst som illustrerer dette:
esperanto |
interlingua/IALA |
norsk |
Multaj el ĉiuj tiuj junaj kaj maljunaj idealistoj, kiuj aliĝis al Esperanto jam dum la unuaj jaroj kaj esperis ĝian tujan enkondukon en ĉiujn lernejojn, baldaŭ estis seniluzigitaj. |
Multos de omne le idealistas juvene e vetere, qui adhereva a Esperanto jam durante le prime annos e sperava su introduction immediate in omne scholas, tosto esseva disillusionate. |
Mange av alle dei unge og gamle idealistane som slutta seg til esperanto dei første åra og håpa på ei innføring med det same i alle skular, blei snart skuffa. |
Her er same byrjinga på Fadervår på interlingua/IALA som er presentert ovanfor på interlingua/LSF og latin:
- Patre nostre, qui es in le celos, que tu nomine sia sanctificate. Que tu regno veni. Que tu voluntate sia facite como in le celo, etiam super le terra. Da nos hodie nostre pan quotidian, e pardona a nos nostre debitas como etiam nos los pardona a nostre debitores.
Dei første åra var det stor interesse for interlingua/IALA, og fram til 1970-talet var det mange vitskaplege tidsskrift som trykte artikkelresymé på dette språket. I dag er det Union Mundial pro Interlingua (IMU) 'Verdas interlingua-union' (skipa i 1955) som fremjar språket. Det einaste konstruerte hjelpespråket som i dag blir brukt meir enn interlingua/IALA, er esperanto.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.