Det sørsamiske substantivet gåetie 'hus' heiter gåetesne 'i huset' i inessiv eintal og gåetine eller göötine 'i husa' i inessiv fleirtal. Denne setninga tyder 'Sigrid er i huset' eller 'Sigrid er heime':
Sagka |
gåetesne |
Sigrid |
i huset / heime |
Men sørsamisk inessiv har ei vidare tyding og blir også brukt med tydinga til den norske preposisjonen på. Substantivet rudtje 'rygg' heiter rudtjesne i inessiv eintal og tyder 'på ryggen'. Denne setninga tyder 'Mor ber barnet på ryggen':
Tjidtjie |
maanam |
rudtjesne |
guadta |
mor |
barn |
på ryggen |
ber |
Sørsamisk inessiv (i/påstadskasus) står i motsetnad til illativ (tilstadskasus) og elativ (fråstadskasus):
-
nominativ: vaerie 'fjell'
- illativ: vaaran 'til fjellet'
- inessiv: vaeresne 'på fjellet'
- elativ: vaereste 'frå fjellet'
Det same skiljet mellom illativ, inessiv og elativ har umesamisk, pitesamisk og lulesamisk, mens inessiv og elativ har falle saman i nordsamisk:
- nominativ: várri 'fjell'
- illativ: várrái 'til fjellet'
- lokativ (før kalla inessiv/elativ): váris 'på fjellet, frå fjellet'
I motsetnad til finsk (sjå ovanfor) skil ikkje sørsamisk og andre samiske språk mellom indre og ytre kasus.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.