Indremisjon
Arbeidslause står i kø ved Calmeyergatens Misjonshus for å få ein porsjon graut. Biletet er teke rundt 1910–1915.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Indremisjon er frivillig, organisert kristent arbeid, som ved forkynning og sosiale tiltak utfyller arbeidet kyrkja gjer i heimlandet.

Indremisjonsselskapet har vore aktive i den norske kyrkjedebatten. Fleire av leiarane i rørsla, blant anna Gisle Johnson, Sigurd Odland, Johan Martin Wisløff, Ole Hallesby og Gunnar Prestegård, har stått for ei konservativ bibeltru retning og vore aktive motstandarar av det dei har oppfatta som liberal teologi.

Bakgrunn

I Noreg var haugianismen ein forløpar for indremisjonen, men ideen til det organiserte arbeidet kom frå Tyskland. Den første indremisjonsforeininga i Noreg blei stifta i Skien i 1853 av Gustav Adolph Lammers. Indremisjonen har vore nært knytt til Den norske kyrkja, men opptrer som ei eiga uavhengig rørsle.

Organisering

Tre indremisjonsforbund er knytte til Den norske kyrkja:

1) Kirkens Bymisjon blei stifta i 1855 under namnet Foreningen Indre Mission i Christiania (seinare Christiania Indre Mission, Oslo Indremisjon). Organisasjonen har drive eit omfattande kristeleg og sosialt arbeid i Oslo og i dei seinare åra gjennom søsterorganisasjonar ei rekkje stader i Noreg. Kirkens Bymisjon har i dag ein open og inkluderande profil og har som visjon at alle menneske skal erfare respekt, rettferd og omsorg, uavhengig av livssituasjon, livssyn eller kulturell bakgrunn.

2) Det norske lutherske Indremisjonsselskap blei stifta i 1868 under namnet Den Norske Lutherstiftelse som landsomfattande organisasjon for indremisjon. Målet var å fremje kristeleg opplysning og liv, særleg ved spreiing av kristeleg litteratur. 2001 blei Det norske lutherske Indremisjonsselskap og Santalmisjonen slått saman til Normisjon.

3) Det Vestlandske Indremisjonsforbund blei grunnlagt i Bergen i 1898. Frå 2000 skifta organisasjonen namn til Indremisjonsforbundet. Forbundet er prega av teologisk konservatisme og ein radikal frikyrkjeleg profil.

Andre kyrkjesamfunn, som pinserørsla, har brukt ordet ytremisjon om misjon drive utanfor eige land. Dei har oppfatta evangeliseringsarbeidet sitt i Noreg som indremisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hansteen, Carsten, Kristiania indremission 1855- 1904, 1905, Kristiania: Foreningen for indre mission i Kristiania.
  • Rudvin, Ola, Indremisjonsselskapets historie, 1967, Oslo: Lutherstiftelsen.
  • Seland, Bjørg, 1800- og 1900-tallets religiøse bevegelser – Historiografiske perspektiver på forskning og formidling, 2015, Historisk Tidsskrift.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg