Imperativ er ei form av verbet som uttrykkjer befaling, påbod eller oppmoding (oppfordring).
Nokre eksempel på bruk av imperativ:
- Befaling: Et opp maten din, gut!
- Påbod: Gå på venstre side, køyr på høgre side!
- Oppmoding: Herre, hjelp meg!
Imperativ høyrer til den grammatisk kategorien modus, som uttrykkjer korleis den som snakkar eller skriv, brukar og stiller seg til innhaldet i ei setning: Er det til dømes ei oppmoding, ein ordre, ein påstand eller eit ønske?
I norsk står imperativ i motsetnad til indikativ, til dømes ser, såg og køyrer, køyrde.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.